Barnekor
Barnekor

Nytt barnekor i kyrkja!

Les meir og bli medlem her...

Hausten 2018 starta me opp barnekor i kyrkja!

 

BLI MEDLEM VED Å TRYKKE HER OG FYLLE UT EIT ENKELT SKJEMA!!

 

Koret passer best for born frå 4-8 år (t.o.m 2. klasse), og øvingane er på måndagar kl. 17.15 - 18.00.  

(NB Registrering frå kl. 17.00!!)

 

I tillegg til å synge, leiker me litt og høyrer bibelhistoriar. Me vil og prøve rytmeinstrumenter etterkvart, og kanskje får me kle oss ut litt og??

Det er foreldrekaffi på kyrkjeloftet og i gangen under øvingane. På loftet er det og litt leiker som eventuelle småsysken kan låne. 

 

Leiarar for koret er:

Hege Skrikrud  (dirigent), Solfrid Vigdel Skalvik  (kontaktperson), og Siv Iren Værnes.

 

Det er inga påmelding, berre å møte opp! Det er heilt greit å berre sjå på litt, eller prøve eit par gonger, før ein bestemmer seg for å byrje i koret.

 

Det vil koste kr 100 i medlemsavgift for eit heilt år. Ingen krav om dugnad, men det kan hende me spør om litt praktisk hjelp enkelte gonger.

Medlemsavgifta kan betalast kontant, med VIPPS (søk opp "Bore sokn" og vidare "Trusopplæring" og så "Bore barnekor"), eller med nettbank til konto nr.  3290 58 98840 (merk med barnet sitt namn!). 

 

Kom og bli med!! Dette er kjekt!!!

 



16. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bore kyrkjelyd Powered by Agrando