Login       Sunday, May 20, 2012      Search  
Englesang
Minimize

Bore englesang startar opp igjen 24.januar , kl. 17 - 17.45. Vel møtt!

Bore Englesang
Barnekoret Englesang vart starta opp for å gje eit tilbod til dei minste barna i menigheten vår. Litt av bakgrunnen er at det er kjekt og sosialt for både vaksne og barn, og med eit kristent innhold kan alle få ein tilknytning til kyrkja. Det er godt å ha ein plass der ein høyrer heime. Tilbodet er frå dei minste og opp t.o.m 4.klasse. Men opplegget blir mest lagt til rette frå 4-5 år og oppover. Likevel ynskjer me dei under 4 år og velkommen til å vere med -  så lenge dei synst det er kjekt.

Vi ynskjer på denne måten at barn og foreldre kan få sjå Jesus gjennom sangen og at det kan vere ein inngangsport for dei vil at barnet deira skal få vere med i eit positivt og kjekt miljø. Me håpar og at dei vaksne trivast med å følgje barnet sitt på koret. 

Me øver annankvar tysdag kl.17.00- 17.45 i Bore kyrkje og det er plass til alle som vil.

Kontaktperson er Jorunn Kverme tlf 97149889.

Englesang var med og sang jula inn 12. desember
 

Englesang
Minimize
    Søndagskule Barnekor Trosopplæring
Powered by LabOra - Agrando AS    Privacy Statement   
Downloaded from DNNSkins.com