Login       Sunday, May 20, 2012      Search  
Article Details

G2 - 22.januar

Kategorier: Forside | Forfatter: Tone Augestad Skår | Opprettet: 1/22/2012 | Visninger: 98

 Årets første G2 er over, og me har vore med på ei flott gudsteneste i kyrkja vår. Det er godt å kunne komme til Bor kyrkja, få vere med på flotte gudstenester, og vere ein del av fellesskapet.

I dag og var musikarane på plass med Ove og Kristine i spissen. Flott lovsang og  gode salmer – med hammondorgel, tommer og bass gjer gudstenesten inspirerandes. I dag hadde me vikarprest. Åsmund Prest er sjukemeldt, men Arnt Askildsen klarte jobben fint. Tydeleg forkynning, der me blei oppfordra til å vere ”misjonærar” i kvardagen, som vanlege kvardagsmenneske. Ved å vere ærlege, oppmerksome og tålmodige, kan me få med oss fleire i fellesskapet. Nokre treng kanskje lang tid, men det gjer ingenting. Me trur kanskje ikkje me har så mykje å bidra me, men ved å vere vanleg og allminnelige kan me nå dei som me har rundt oss. Då kan menigheten vår veksa.

Eit dåpsbarn fekk me ta i mot i dag og, lille Marlo, og det er alltid ei  glede. Og mange ungar - og vaksne gjekk glade og lystige ut til sundagsskulen. Me er nesten litt misunte me som sitt igjen.

Gerny ”Intervjuar” hadde fått med seg kyrkjevergen, Dagbjørg Straume,  og presenterte henne for menigheten. Det var ei engasjert dame, som var opptatt av at kyrkja må vere til stades i samfunnet der det trengs, der det er brukt for ho. Fylla behov for dei som bur i menigheten vår. Kjekt å få eit fjes på ein tittel, få sjå kven som sitt i ledelsen i kyrkja vår.

 

Print Bookmark and Share

Return to previous page
    Hjem Kyrkjelege handlingar Arrangement Omsorg og fellesskap Barn Unge Info om oss
Powered by LabOra - Agrando AS    Privacy Statement   
Downloaded from DNNSkins.com