Login       Sunday, May 20, 2012      Search  
Article Details

Familiegudsteneste 29.januar

Kategorier: Forside | Forfatter: Tone Augestad Skår | Opprettet: 1/29/2012 | Visninger: 100

 

Familiegudstenete – ein opplevelse for heile storfamilien. I dag og var kyrkja vår nesten full, av folk i alle aldrar. Store, små, unge, gamle, 4-åringar, konfirmantar, vaksne, eldre – det var plass til alle. Det var nydeleg pynta, med flotte blomar, og med englar og figurar som viser omsorg for kvarandre . Det er godt å komma til kyrkja vår å sjå at nokon har vore i sving før me kom for å gjere det fint og innbydandes. Det skaper gode forventningar.

 

I dag fekk me vere med å synge i lag med to flotte forsangara, Liva og  Elise Lindtveit. Nydelege sangar, klokkeklare stemmer og flott pianospel av Ove. Kjekt for oss når tante og tantebarn syng i lag.

Temaet i dag var ”Gud , du ser meg” .Torunn Renate var formidlaren denne sundagen. Det er alltid veldig inspirerandes for oss å høyre på. Kva har ho funne på i dag, tru? Ho var utkledd som journalist først, som fulgte etter Jesus for å finna ut meir om han og skrive det i ”Jerusalems-posten”. Etterkvart vart ho den blinde som fekk synet igjen etter møtet med Jesus. Ho viser oss gjennom drama på ein slik levandes måte at me føler me er tilstads der det skjedde.  Gud ser oss og er med oss, samme kva som skjer. Innimellom viser han litt av korleis det skal bli i himmelen gjennom for eksempel helbredelse, slik den blinde mannen fekk oppleva.

Det var mange 4-åringar i kyrkja i dag, og dei fekk komma fram for å motta Barnebibelen. Det er ein god tradisjon. Kjekke bøker som fenger og gjer ungane lyst til å bli leste for. Etterkvart  er det kjekt å lese dei  sjølve alle dei spennandes historiane som finns i boka.

 

Print Bookmark and Share

Return to previous page
    Hjem Kyrkjelege handlingar Arrangement Omsorg og fellesskap Barn Unge Info om oss
Powered by LabOra - Agrando AS    Privacy Statement   
Downloaded from DNNSkins.com