Login       Sunday, May 20, 2012      Search  
Article Details

Kulturkvelds 12.februar

Kategorier: Forside | Forfatter: Tone Augestad Skår | Opprettet: 2/14/2012 | Visninger: 85

 Denne kvelden fekk me oppleva ”våre eigne” : Petter Tverranger, Ove Byberg og Hanne Vika Damsgård saman med gjestene Ester Mossige (som ikkje er ukjend i Bore)  og Eivind Lauvik Nome  i eit utsøkt samspel  og samklang.  Dette var ei instrumentell oppleving  som gjorde det mogleg  for tilhøyrarane  å la tankane  vandra.  Nydelege natur bilete, tekne av Anna Mossige,  vart servert på projektor.  Dette bidrog til ei ekstra djupn i  formidlinga av musikken. Ein musikk som strakk seg over fleire århundre og fram til vår tid.

Dersom ein skal gje seg ut på å skildra lydbiletet til denne kvintetten, må ein nemna smektande trompettoner som smyg seg varsamt inn øyregangane, klare og definerte gitartoner akkompagnert av ein  trygg og varm bass. Alt halde på plass av stødig perkusjon og ein synth og eit  orgel som leika seg gjennom melodi etter melodi.  Me fekk oppleva  5 dyktige musikarar som verkeleg kan traktera instrumenta sine.   Heilt fortent vanka ståande applaus frå eit nøgd publikum etter konserten. Og når me til slutt fekk med oss Vitae Lux, kjende me  eit  crescendo av lyd som fylde kyrkjerommet og strakk seg langt ut mot våren.

Med ekstranummeret ” Hymn to Freedom” vart me minna om at når hjarte vert kopla saman, kjem fridomen.  Det er slik me vil ha det i Bore.

 

 Takk til flinke musikarar og takk til ”teknikarane” Arne og Morten. 

Skrevet av Elin Anita Garpestad

Print Bookmark and Share

Return to previous page
    Hjem Kyrkjelege handlingar Arrangement Omsorg og fellesskap Barn Unge Info om oss
Powered by LabOra - Agrando AS    Privacy Statement   
Downloaded from DNNSkins.com