Månedens frivillige
Nå har nett-sida vår vore i drift i ei stund. Me arbeidar stadig med å utforme og forbetre den. Er det noko du vil lese meir om? Noko du savnar? Kom gjerne med konstruktiv kritikk.
Send ein e-post til Tone Augestad Skår
Trusopplæringsutvalet inviterer til møte om trusopplæringsarbeidet i Kyrkjestova 23. mai kl. 20.
På møtet vil det bli orientert om arbeidet med planen så langt. Så vert det samtale og høve til å kome med innspel til innhaldet i planen for dei ulike aldersgruppene. Karsten kateket og Åsmund prest blir med på møtet. Det vert lett servering. Kom og høyr om og gje innspel til eit viktig arbeid i kyrkjelyden.
Trusopplæringsmedarbeidar
Olaug Mestad Slettbakk er tilsett som trusopplæringsmedarbeidar i 40% stilling.
Olaug, som bur i Verdalen og er aktiv i kyrkjelyden, vil starte i jobben i august. Ho vil ha kontorplass på kyrkjekontoret og vil jobbe vidare med trusopplæringsplanen saman med kateketen og trusopplæringsutvalet. Det kjem meir om Olaug og om den nye jobben etter kvart.
TILSETTE VED KLEPP KYRKJEKONTOR
Klepp kyrkjelege fellesråd Postboks 101 Kleppevarden 2 4358 KLEPPE Telefon: 51789555 Fax: 51789550