Trusopplæring-Kraftfôr


Kraftfôr - Bore kyrkje sin plan for trusopplæring

 

Dåp og opplæring høyrer saman. Bore kyrkjelyd vil gjerne stå saman med foreldre, føresette og fadrar i oppgåva med å gje barn og unge opplæring i kristen tru.

Kyrkjelyden har laga ein plan for trusopplæringa i Bore kyrkje. Planen skal bidra til at alle døypte mellom 0 - 18 år skal få ei systematisk og samanhengande trusopplæring. Planen har fått namnet KRAFTFÔR, og inneheld ulike arrangement og tiltak for alle alderstrinn.

Nokre arrangement er kontinuerlege, og går over lengre periodar, eller heile året, t.d. Søndagsskule og Barnekor. Andre tiltak er årlege "happenings", og gjerne retta mot eit enkelt årskull.

Alle som bur i Bore sokn er velkomne til å delta på arrangementa. Dei som er døypte (kyrkja sine medlemmar), og andre interesserte som tek kontakt med kyrkjekontoret, får invitasjon i posten når noko hender for deira aldersgruppe. Ellers vil det alltid kome informasjon om Kraftfôr-arrangement på heimesida, facebook, og i menighetsbladet.

Tilbake