Semesterstart måndag 31. august 2026
Bore barnekor møtast måndagar i partalsveker kl. 17:15-18:00 i Bore kyrkje (registrering frå kl. 17.00). Ein treng ikkje melde på barnet i forkant - det er berre å møte opp!
Alle barn frå ca. 4 år og oppover er hjarteleg velkomne! Me skal synge, leike, spele på rytmeinstrument, høyre bibelhistorier og nokre gonger kle oss i kostyme 😊
Vi opptrer i kyrkja eit par søndagar i haust.
Medlemskontingent er på 100 kr i året. Barnet meldes inn i Søndagsskolen Norge via lenka under. Søk på Bore barnekor. Barnekoret får då frifondsmidlar via denne organisasjonen. Det er heilt i orden å prøve nokre gonger før ein bestemmer seg og betaler kontingent.
Innmelding Bore barnekor via Søndagsskolen Norge
Foreldre/føresatte er velkomne til å vente i kyrkja under øvelsen, men det er flott om de sitter lenger bak i rommet når barnet er trygg nok til det, for å hjelpe barna med å konsentrere seg.
Dersom barnet kjem utan vaksne, bør dei hentas inne i kyrkja når øvelsen er slutt.
Lurer du på noko, eller er det noko vi bør vite om barnet, ver vennleg å ta kontakt med Elin Underhaug Kanu på e-post ek358@kirken.no eller på tlf. 909 45 278.
Bli gjerne med i gruppa «Bore barnekor» på facebook
og sjekk ut songar me brukar på spotifylista «Bore barnekor 2026-2027» 😊