1. klasseklubb - mars 2026
I mars 2026 er alle 1.klassingar ved Bore skule invitert til 1. klasseklubb :-)
1. klasseklubb består av tre samlingar i SFO-tid på tysdagar (kl. 11.50-13.45) og ei avsluttande familiegudsteneste med utdeling av bok til alle deltakarane.
Påmelding 1.klasseklubb 2026
Påmeldingsfrist: Måndag 2. mars
Frivillig betaling: 50 kr
Datoar 2026:
10. mars
17. mars
24. mars
12. april - familiegudsteneste
Barna blir henta utanfor skulen rett etter skuleslutt. Vi går samla bort til kjellaren på bedehuset (rett ved skulen). Det vert servert pølse i brød og saft på kvar samling. Vi har samling med bibelforteljing og ulike aktivitetar/leikar.
Vi treng litt praktisk hjelp kvar gong. Til dømes: Hjelpe barna med kleda når dei kjem, servere saft og pølser, hjelpe barna med praktiske oppgåver, hjelpe til å halde ro og orden. Vi håpar det er nokre foreldre/besteforeldre som har tid på ein tysdag ettermiddag og kan hjelpe til :)
Ta gjerne kontakt med menighetspedagog Anette Dagfinrud Thorset om de har spørsmål:
at957@kirken.no Tlf. 919 21 631