4 år: Utdeling av 4-årsbok


Barnebibel til 4-åringar. Påmelding her...

 

I 2021 er alle barn som er fødde i 2017 inviterte til å motta barnebibel på familiegudsteneste 

søndag 24. oktober kl. 11.00 - ca 12.00.

Ta gjerne med heile familien, fadrar og andre som har lyst til å vere med denne søndagen.

 

Det vil og bli ei samling i kyrkja for 4-åringen saman med ein vaksen dagen før, altså

Laurdag 23. oktober kl. 11.00 - 12.00.

På denne samlinga vil det bli skattejakt, bibelhistorie, barna får lage noko fint, og det vert boller, saft og litt laurdagsgodt. Me håper at barna blir betre kjende i kyrkja, og at dei vert tryggare med tanke på bokutdelinga dagen etter. 

Dersom det ikkje passer å delta på laurdagssamlinga, kan de likevel kome på søndagen og få barnebibel :-) Kryss av i påmeldinga om dette.

 

Klikk her for å melde på...

 

Det er lang tradisjon i Bore menighet for å dele ut bok til 4-åringar. Nå er det "Bibelen for små barn" alle 4-åringane får. Det er ei flott bok for dei små, med mange historier, fargerike illustrasjonar, og enkelt språk, - perfekt for ei koseleg stund, på sengekanten om kvelden til dømes.

 

Spørsmål?

Kontakt menighetspedagog Solfrid på mail solfrid.skalvik@klepp-kirken.no eller tlf 93 49 53 49.

 

 

Tilbake