Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


3 år: Supersøndagsskule


Supersøndagsskule i Borehallen 20. september 2026
 

Jente som leter etter kosesauer.

Ein søndag om hausten pleier me å invitere alle 3-åringar til å vere heidersgjestar på søndagsskulen. I år vil me invitere alle som fyller 3 år i 2026 til

 

SUPERSØNDAGSSKULE SØNDAG 20. SEPTEMBER

KL. 11.00-12.00 I BOREHALLEN

 

De vil då få møte leiarar og andre barn i Bore kyrkje sin søndagsskule. Først vert det ei kreativ samling med bibelhistorie, song og musikk, og så kjekke aktivitetar og leikar i hallen etterpå. 

Menighetspedagog Anette vil vere til stades med ein eigen aktivitet for 3-åringane, der dei óg får utdelt boka "Lille sau går seg vill". 

 

Påmelding 3-åring til Supersøndagsskulen 2026

 

Ta gjerne med søsken, vener, besteforeldre og andre som har lyst, dette blir kjekt for både store og små :-)

 

Hjarteleg velkommen!

 

Spørsmål?

Kontakt menighetspedagog Anette på e-post at957@kirken.no eller på tlf. 919 21 631.

Tilbake