Her kan du lese vekas Info-mail.

Denne søndagen er det ikkje gudsteneste i Bore kyrkje. Men neste søndag er det gudsteneste som vanleg kl 11.00 med søndagsskule og tweenssamling.
Dette skjer i kyrkja framover:
Årsmøte: Sett av søndag 15.mars kl.19:30. Servering av pizza frå kl.19:00 🙂 Hovudsak vert ny kyrkjestove – så her er det viktig å vere med!
1.klasseklubb: I mars 2026 er alle 1.klassingar ved Bore skule invitert til 1. klasseklubb Me har tre samlingar i SFO-tid på tysdagar (kl. 11.50-13.45) og ei avsluttande familiegudsteneste med utdeling av bok til alle deltakarane. Påmelding og meir info på heimesida.
Dugnad i kyrkja 23.mars: Vi går saman og gjer kyrkja klar til våren og konfirmasjonane. Frå kl 09 - 14.00 med lunsj pause kl 11.30. For meir informasjon sjå heimesida.
Barnekor: For barn frå ca. 4 - 10 år (t.o.m 4.klasse). Øvingane er mandagar i partallsveker kl.17:15-18:00 i kyrkja. For skulebarna i koret er det og samling, leik og kveldsmat i kyrkjestova kl. 18:00-18:30. Velkommen til nye og gamle
Bore Legoklubb; For barn frå 5 år og oppover (med følge), men òg for større barn/ungdom. Me bygger lego saman og høyrer ei kort andakt. Tysdagar i oddetallsveker kl.17–18.30 i kyrkjestova.
Damer leser bibelen; bli med å lese systematisk gjennom bibelen saman med andre damer. Det vert pause med te og kaffi. Damer i alle aldrar er velkomne! Ta gjerne med din eigen bibel. Neste samling er mandag 2.mars kl.10:00.
Turgruppa har plass til fleire i alle aldrar! Møt opp på parkeringsplassen ved Bore kyrkje onsdagar kl.10:30. Ta med mat og drikke. Ca kl.12:00 samlast vi til lunsj i kyrkjestova.
Bønesamling i kyrkja søndagar kl.20:00 –vi bed for menighet og bygd.
Det Profetiske i Bore har samling første mandag i månaden kl.20.00 i kyrkjestova.
Har du gått glipp av nokre av søndagsgudstenestene?
Nå kan du no høyre preika/undervisningen fra G1/G2 på podcast. Du finn Bore kyrkje sine podcastar på Spotify: https://open.spotify.com/show/1uxdN17bLdrS1l915HZp1i?si=b763a4b5e981469c
Fast gjevarteneste?
Du kan no opprette fast gjevarteneste til prosjektet; «Ny kyrkjestove». Du kan og bli fast gjevar til menighetsarbeidet. For meir informasjon om gjervarteneste og kva me nyttar midla til, sjå heimesida:
https://borekyrkje.no/Kontakt/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/28055/Gjevarteneste
Kalender
Dei fleste arrangementa våre ligg i kalenderen på heimesida – så sjekk ut den om du lurer på noko😊 eller besøk facebooksida vår; http://Facebook.com/BoreMenighet/
Ønsker du å få denne informasjonen direkte i din mailboks? TRYKK HER
Med ønske om ein god vinterferie til dei som skal ha det!
Vennleg helsing,
Bore menighet