Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Info-mail


Her kan du lese vekas Info-mail. Me har problem med utsending av mail til dei med gmail konto, og legg difor ut innhaldet her.

bokstaven i for informasjon

 

 

Kjære alle saman i Bore menighet

 

På søndag gjentek vi den etter kvart så gode tradisjonen vår siste ordinære gudsteneste før sommaren: Utegudsteneste for heile menigheten på Voll stadion! Dette er ei familiegudsteneste med song og drama v/stab og frivillige. Speidarane deltek, og årets skulestartarar er særskild inviterte.

 

 

Etter gudstenesta blir det aktivitetar for ungar i alle aldrar. Om vêret ikkje spelar på lag med oss, vil gudstenesta og nokre av aktivitetane haldast inne i Vollhallen. Ta med sitjeunderlag og kanskje eit pledd til å bruke ute om det blir litt kaldt.

 

Essoen på Voll vil i år også tilby rimeleg "Kyrkjemeny" (hamburgar/pølse). Ein rabattkupong pr. deltakar blir utdelt ved registrering.

 

 

Til gudstenesta inviterer vi òg alle som skal starte på skulen dette året (2019-kullet). 6-åringane vil få utdelt noko som kan vere kjekt å ha i skulesekken.

Påmelding her:

https://borekyrkje.no/Kontakt/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/23946/6-ar-Skulestartmarkering

 

Info om det som skjer i kyrkja:

- Bønesamling søndag kl.20:00 – vi bed for menighet og bygd.

 

(Legoklubben startar opp tysdag 26.august 2025 kl.17-18:30)

 

 

Ha ei velsigna helg, og ein riktig fin sommar!

 

Vennleg helsing,

Ivan

 

 

Ønskjer du å gje ditt bidrag til kyrkjelydens mange flotte aktivitetar, kan du nytta:

Kontonummer: 3290.07.73624

Vipps: 109206 eller «Bore sokn»

Dersom du ønskjer å stoppa mottakinga av infomailen, gi melding til  he539@kirken.no

 

Tilbake