Bore kyrkje arrangerer Alphakurs frå januar 2026. Dette er eit kurs for ALLE som har spørsmål om den kristne trua. Her trengs ingen kvalifikasjon.
Kurset startar med ei samling på Voll Ysteri onsdag 7. januar 2026 kl. 19.30 med god mat og anledning til å stille spørsmål. Du kan melde deg på kurset den kvelden, eller du kan melde deg på nå.
Den fyrste ordinære kurskvelden er onsdag 14. januar kl. 19.30 i kyrkjestova ved Bore kyrkje. Me samlast til eit måltid, får undervisning og har gruppesamling etterpå. Deretter er det kvar onsdag, til same tid, men det er ikkje kurs i vinterferieveka, onsdag 25.februar.
PÅMELDING til Alpha kveld på Voll Ysteri (grunna matservering), og påmelding på kurset: he539@kirken.no /480 36 029.
For mat og materiell er det ei avgift på kr 300,- for heile kurset. Informasjon om betaling kjem etter første samling.
Varighet: 12 uker - (fri i vinterferien)
Tema for undervisningene:
1) Kven er Jesus?
2) Kvifor døde Jesus?
3) Korleis kan eg tru?
4) Kvifor og korleis kan eg be?
5) Kvifor og korleis lese Bibelen?
6) Korleis ledar Gud oss?
7) Kven er den Heilage Ande og kva gjer den Heilage Ande?
8) Korleis kan eg stå i mot det vonde?
9) Kvifor og korleis fortelje til andre?
10) Helbredar Gud i dag?
11) Kva betydning har kyrkja?