Her finn du informasjon om gjevarteneste i Bore menighet
"Sett- famna- utfordra" er visjonen me arbeider etter i Bore menighet. Me vil at Bore menighet skal vere ein god stad å vere for alle generasjonar.
Me arbeider for å realisera denne visjonen gjennom det arbeidet og dei ulike tiltaka som kyrkjelyden har. Og me drøymer og om ny større og meir funksjonell kyrkjestove.
Gjennom gjevartenesta blir du med på å verkeleggjere kyrkjelyden sin visjon, og gjere ei ny kyrkjestove mogleg. Å vere fast gjevar styrker og tilhørighet og eigarskap til menigheten. Du kan no verte fast gjevar både til menighetsarbeidet og til Ny kyrkjestove.
Menigheten vil gjere meir enn det offentlege tilskot rekk til. Me vil skape gode møteplassar for barn, unge og vaksne. For å oppnå dette og for å skape tryggleik for tilsette som blir løna av kyrkjelyden, treng ein stabil og føreseieleg økonomi. Difor vert du utfordra til å verte fast gjevar, eller til å auke ditt gjevarbeløp.
Døme på kva gåva di går til og kva du bidreg til:
·At barn og unge 0-18 år får tilbod om undervising og læring av god kvalitet og til ein pris som lèt alle delta
·At me kan følge opp konfirmantar og ungdommar på ein god og tenleg måte.
·At me kan planlegge bygging av ny kyrkjestove.
·At musikarar og ressurspersonar kan hyrast inn til spesielle anledninger, konsertar og kurs.
·Ditt bidrag er med på å finansiere kyrkjelyden sitt eige arbeid innan alle våre tilbod og aktivitetar
Å løne deler av eller heile stillingar:
·Menighetspadagog, barn
·Menighetspadagog, ungdom
·Dagleg leiar
Med auka gjevarteneste kan me få til meir!
Noko av det me drøymer om er:
·Å kunne tilsetje ein ungdomsarbeidar
·Ny kyrkjestove
·Feire aktiviteter for born
·Fleire tilbod til ungdom
·Måltidsfellesskap for alle aldrar
Kvifor vere gjevar?
"Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar.”
2. kor 9.7
Korleis kan ein gje?
AvtaleGiro
Du kan no opprette AvtaleGiro for fast trekk og enkeltbeløp. Me har gjevarteneste både til menighetsarbeidet og til ny kyrkjestove. Sjå bruksveiledning lenger ned.
TRYKK HER FOR Å GJE
Bruksveiledning for AvtaleGiro
Når du følg lenka over, kjem du til ei eiga side kor du kan velga kva prosjekt du vil gje til, og om du vil gje eit eingongsbeløp eller fast månadleg trekk. Her kan du velga foreslåtte beløp eller valgfritt beløp i ruta "Beløp".
Du må deretter fylla inn kontaktinformasjon. Ynskjer du skattefrådrag, huker du av på dette og legg inn fødselsnummer.
Etter du har fylt ut kontaktinformasjonen, godkjenner du med Bank-ID.
Fast trekk
Du kan òg setja opp fast trekk i nettbanken din til konto: 3290 20 68391 merka med eige namn.
Takk for ditt viktige bidrag til arbeidet i Bore menighet!
Det er ingen bindingstid og dersom du ønsker å stoppe avtale om fast trekk, ta kontakt på tlf 51789555 eller epost bore.sokneraad@klepp-kirken.no.
Organisasjonsnummeret til Bore sokn er 876 993 562