Bore menighet > Kontakt > Artikler > Artikkeldetaljer


Nevenyttig person / handverkar i 50 – 100% prosjektstilling.


Klepp kyrkjelege fellesråd treng ein nevenyttig person (handtverkar) til praktisk vedlikehaldsarbeid i kyrkjene.
Stillingsstørrelse 50 til 100% og varigheit frå 1 til 2 år.

Verktøy

Nevenyttig person / handverkar i 50 – 100% prosjektstilling. Vi har omtrent eit årsverk til dette prosjektet, men det kan fordelast over meir enn eitt år.

Arbeidsoppgåver

Vi har ein del vedlikehaldsoppgåver i kyrkjene som må utbetrast. Det er mest trearbeid, men og noko malingsarbeid og litt betongarbeid. Det vil vera arbeid både utvendig og innvendig i kyrkjene. Vi ynskjer difor ein person med gode praktiske evne og god kapasitet, fortrinnsvis ein person med fagbrev som handtverkar. Det er viktig at den som vert tilsett har forståing for kyrkjebygga si kulturelle og historiske betydning.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

  • Reparasjon av vinduer og dører
  • Skifte av kledning
  • Skifte av gipsplater
  • Sparkling og maling
  • Litt betongarbeid
  • Demontering/montering av øydelagt utstyr
  • Utbetring av utstyr
  • Skifte beslag
  • Isolering
  • Fuging og liming
  • Fasadevask …og mykje anna

Nokre oppgåver kan løysast på få timar, andre vil ta fleire dagar. Enkelte oppgåver kan løysast over tid, andre må gjennomførast når ein først tek til med dei.  

Vi har fleire frivillige medarbeidarar som hjelper til med det praktiske arbeidet i kyrkjene. Den som vert tilsett vil samarbeide tett med dei frivillige og leggja til rette for at dei skal utføre mindre og enklare praktiske vedlikehaldsoppgåver. Du vert difor ikkje åleine om alle oppgåver. Nokre gogner er det nødvendig å vera fleire om ei oppgåve, og då vil dei frivillige kunne vera med.  

Det er mykje aktivitet i kyrkjene, både på dagtid og kveldstid. Den som vert tilsett må difor reise frå kyrkje til kyrkje, alt etter kor det er ledig. Det betyr at den som vert tilsett må ha god forståing for kyrkjelydsarbeidet.       

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdaning, gjerne fagbrev som handtverkar
  • God og variert praktisk kunnskap og erfaring
  • Gode evne til å samarbeide med frivillige
  • Gode kommunikasjonsevnar på norsk
  • Noko erfaring med digitale verktøy (FDV-system) er ynskjeleg men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du er flink til å samarbeide med frivillige
  • Du har evne til å organisere eiget arbeid
  • Du har god gjennomføringsevne
  • Du kan arbeide strukturert, målretta og effektivt
  • Du er fleksibel i det daglege arbeidet

Me tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og stabsfellesskap
  • Fleksibel arbeidsavtale og arbeidstid
  • Lønn og godtgjersle etter kvalifikasjonar og satsar for kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsordning i KLP
  • Delt kontorplass på Klepp kyrkjekontor
     

Andre opplysningar

  • Mykje av arbeidstida vil den som vert tilsett kunne styre sjølv. Det vil i tillegg vere mogleg å arbeida mykje i enkelte periodar og mindre i andre periodar slik at dette arbeidet kan kombinerast med anna arbeid eller sesongarbeid.
  • Du må disponere bil
  • Prøvetid på seks månader
  • Tilfredsstillande politiattest leggjast gram før tilsetting, jfr. Trossamfunnslovens § 20

Nøkkelinformasjon

 Søknadsfrist: 07.12.2025

 Arbeidsgivar: Klepp kyrkjelege fellesråd

Søk her

For meir informasjon kontakt: 

Arvid Kaspersen                                                                                      Kyrkjevergje                                                                                  Telefon: 40157641                                                      kirkeverge.klepp@kirken.no

 

 

Bilde fra Pixabay

Tilbake