I samband med kongens bortgang vil Klepp kyrkje og Frøyland og Orstad kyrkje ringja med kyrkjeklokkene fredag kl. 12.00–13.00. Begge kyrkjene vil òg ha open kyrkje gjennom heile helga for alle i Klepp kommune.
Fredag 28. august: Opne kyrkjer kl. 13.00–19.00 (Klepp og Frøyland Orstad)
Laurdag 29. august: Opne kyrkjer kl. 10.00–14.00 (Klepp og Frøyland Orstad)
Sundag 30. august: På sundag blir det gudstenester med forbøn for kongehuset: Klepp kyrkje og Bore kyrkje: Gudsteneste kl. 11.00, deretter open kyrkje fram til kl. 15.00.
Frøyland og Orstad kyrkje: Gudsteneste kl. 10.30, deretter open kyrkje fram til kl. 15.00.
I den opne kyrkja vil det vera høve til å tenna lys, sitja i stille og signera ein kondolanseprotokoll. Det er òg mogleg å ta med blomar som kan leggjast ned, og lys som kan tennast utanfor Klepp og Frøyland Orstad kyrkje på tilvist stad.
Alle er velkomne, anten dei ønskjer å sitja ei stund i stille, tenna eit lys til minne om Kongen eller skriva ei helsing i protokollen.
Sørgjegudsteneste: Det blir sørgjegudsteneste i Klepp kyrkje sundag 30. august kl. 18.00.
Meir informasjon om søgjegudstenetsa blir lagd ut på nettsida til Klepp sokn.
Flagging: Under open kyrkje blir det flagga på halv stong. Under gudstenestene blir det flagga på heil stong, men når gudstenestene er over og kyrkjene går over til open kyrkje, blir flagga senka til halv stong.